BALLONGFISK

Fotooppdrag 1990,-
Malerier og foto på lerret, se priser under "malerier" og "salg av foto".

 

 Det er tid for konfirmasjonsfotografering:

 500konf2_copy

 500Konfirmantreklame_copy

            500IMG_7591

 Her kan du se 6 fotografier som er lagt på 2 cm dypt lerret. De er i 30 x 30 cm. Samlet pris er 3000,- Du kan også kjøpe de hver for seg til 500,-                

Se omtale og bilde på blogg:  

http://fruvold.blogspot.com/2011/10/malerier-pa-veggen.html

http://marisolbakk.blogspot.com/2010/06/litt-forandring.html 


150CIMG3429

 katrinerislow@hotmail.com 

Set farge på stovene

Set farge på stovene

Katrine Risløw har ingen problem med å kalla måleria sine for interiørkunst.
Publisert 05.11.07 00:11
Endret 05.11.07 00:11

GLESVÆR: – Eg greier ikkje heilt å sjå på meg sjølv som kunstnar. Eg har drive med måleri i vel eitt år og har ingen formell utdanning i dette faget, seier Katrine Risløw.

Laurdag opna ho ny utstilling på Glesvær kafe. Sosionomen og tobarnsmora frå Øygarden satsar ikkje på at måleria skal bli meir enn ein hobby. Men det betyr ikkje at ho ikkje tek arbeidet seriøst.

150 måleri på eitt år
Sidan ho starta å måla har ho selt over 150 måleri, og dei siste ti månadane har det teke av. Det går mange helger og kveldar med til arbeidet.

– Eg har hatt utstillingar før, men sel også mange måleri på bestilling frå folk som har sett arbeida mine. Ofte reiser eg heim til dei og lagar eit måleri som passar i fargar og storleik til stova det skal henga i, seier Katrine Risløw.

Ho har ingen problem med å tilpassa måleria til kjøparen si stove, heller enn at kunden må tilpassa stova si til måleria hennar. Slik sett er dette kanskje like mykje handverk som kunst?

– Det er nok det ein kan kalla interiørkunst. Fargane er det viktigaste og måleria er abstrakte. Dei får ingen tittel, eg likar å la folk sjå kva dei vil i måleria, seier Risløw.

Starta med eiga stove
Det heile starta med at ho lagde måleri til si eiga stove heime i Øygarden. Då jentene i dameklubben fekk sjå arbeida ville dei kjøpa alt ho hadde på veggen.

– Eg fann ikkje måleria eg var ute etter i galleri eller på utstillingar. Fotografi har eg drive med i mange år, så eg lærte meg sjølv å måla. I januar fekk eg bestilling på seks måleri til eit firma som driv med interiørdesign i Oslo, fortel Katrine Risløw.

Det var då det tok av. Måleria vart brukt av eigedomsmeglarar som hengde dei opp på visningar kring i Oslo. Sidan har Risløw fått ei rekkje bestillingar på måleri, og starta eige firma med det fantasirike namnet «Ballongfisk».

Sel mest til unge
Ho brukar vassbasert måling på lerret, og målgruppa er yngre mennesker.

– Dette er folk som gjerne ikkje har det same ønskjet om måleri av ein båt på ein fjord som kanskje eldre kjøparar har. Dei er opne for abstrakte måleri, men prislappen må vera tilpassa deira lommebok, seier Risløw.

Ho er glad for å få stilla ut på Glesvær Kafe, og tykkjer alt har gått veldig fort kring «kunstnarkarriera».

– Det er kjekt at folk likar det eg gjer. Det er godt å få så mange positive tilbakemeldingar. Så langt har dette gått over all forventning, smiler Katrine Risløw.

 

 

  500IMG_1030

 

 500ballong


Filer knyttet til denne siden:


Fil BB_271107_25.pdf

 

Nyheter

UTSTILLINGER
UTSTILLINGER

Les hele

60282

© 2007 Ballongfisk   |   Webmaster   |   B R A N D M A K E R   A S   |   E-go webditor

EGO
e-go
Brukernavn: Passord: